Vilkår og Føresetnadar
MoneyGram netteneste vilkår og føresetnadar – Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet
1. Informasjon om MoneyGram
1.1. Nettenesta MoneyGram®-pengeoverføring («Teneste») blir utført av MoneyGram International SA («vi» eller «oss» eller «MoneyGram»). MoneyGram er eit aksjeselskap etablert i Belgia med kontor registrert på Rue Joseph Stevens 7, BE-1000 Brussel, Belgia (organisasjonsnummer: 0671.690.653).
1.2. MoneyGram er ein betalingsinstitusjon som er autorisert og regulert av Den belgiske nasjonalbanken («NBB») (referansenummer: 0671.690.653– sjå www.nbb.be) for å kunne fungere som ei pengeoverføringsteneste.
1.3. Desse vilkåra og føresetnadane gjeld berre for pengeoverføringar føreteke via nettsidene våre («Nettside») eller – der han er tilgjengeleg – mobilappen vår («App»). For andre vilkår og føresetnadar, sjå www.moneygram.com/terms.
2. MoneyGram-tenesta
2.1. Tenesta tillèt ein overførar å gjera ei pengeoverføring («Overførar») via Nettsida eller Appen vår til ein enkeltperson valt av Overføraren («Mottakaren») i form av ei einsleg overføring (ei «Overføring»). Deretter kan Mottakaren, ut i frå Overførarens val og tilgang på dei ulike produkta i mottakarlandet: (i) plukke opp ei Overføring i kontantar hos ein MoneyGram-filial i det angjevne mottakarlandet («Plukk opp kontantar»); (ii) få Overføringa inn på ein bankkonto eller annan type konto (t.d. digital lommebok) angjeve av Overføraren («Kontoinnskot»); eller (iii) få Overføringa via personleg leveranse frå partnarane våre i det angjevne mottakarlandet («Heimelevering»).
2.2. Ei Overføring kan betalast av Overføraren med kreditt- eller debetkort eller andre betalingsmetodar frå MoneyGram.
2.3. Tenesta er berre tilgjengeleg for personar frå 18 år og oppover, og kan ikkje brukast til ulovlege føremål, som inkluderer, men ikkje er avgrensa til, overføring av eller kvittering på betaling for ulovlege aktivitetar, overføring av midlar som del av kvitvasking eller finansiering av terror under gjeldande lov eller som er anskaffa via ulovlege aktivitetar, overføring av midlar meint for å finansiera ulovlege aktivitetar, overføring meint for å unngå at nemnde midlar blir beslaglagt av ordensmakter, via unndraging av skatt eller av ei rettsavgjerd.
2.4. For å kunne bruke tenesta må Overføraren laga ein profil via Nettsida eller Appen vår («Profil»). Den personlege informasjonen i Profilen til Overføraren må vera oppdatert i tilfelle det oppstår nokon forandringar før ei Overføring blir gjort. Ver vennleg å ta kontakt med kundeservice for å stengja ein profil.
2.5. Vi kan når som helst avslutta eller suspendera tilgangen din til ein profil, inkludert, men ikkje avgrensa til, dersom: (a) Overføraren prøver å overføra eller belasta midlar frå eit kreditt- eller debetkort som ikkje høyrer til Overføraren; (b) utferdaren av kortet til Overføraren prøver å få ei Overføring tilbake grunna usemje knyta til Overføringa; (c) Overføraren oppgjer ukorrekt eller falsk informasjon om seg sjølv, debet- eller kredittkortet sitt eller om ein Mottakar; (d) Overføraren har brote desse vilkåra og føresetnadane; (e) vi kjem fram til at Profilen har vore inaktiv over ein betydeleg periode; eller (f) vi trur at ei Overføring har vore bruka i ulovlege føremål.
3. Overfør bestillinga
3.1. Før Overføraren sender inn ei Overføring, gjer vi følgande informasjon klar ut i frå Overførarens val: (i) summen som skal sendast av Overføraren («Sendesum»); (ii) summen Mottakaren vil få; (iii) avgiftene Overføraren vil bli belasta med i samanheng med ei Overføring («Avgifter»); (iv) ein indikasjon på valutakursen som vil gjelde for Overføringa; og (v) tida det vil ta å utføra (t.d. når pengane vil vera tilgjengelege for Mottakaren).
3.2. For å fullføre innsendinga av ei Overføring via Nettsida eller Appen vår, må Overføraren; (i) bekrefte at dei godtek svindelåtvaringane vist på nettskjemaet; (ii) bekrefte at dei godtek desse vilkåra og føresetnadane; (iii) gje samtykke for gjennomføring av Overføringa; og (iv) bekrefte at informasjonen sendt inn på nettskjemaet er rettig og omhyggjeleg utfylt på alle mogelege måtar (særskild gjeld dette kontoinformasjonen for Kontoinnskot). I nokon tilfelle kan vi trengja meir informasjon frå Overføraren, deriblant, men ikkje avgrensa til, meir bakgrunnsinformasjon for ei Overføring, og vi vil anten kontakta Overføraren direkte eller be Overføraren om å kontakta oss for å få tak i den ekstra informasjonen før ei Overføring kan gjenommførast ordentleg.
3.3. Ei Overføring vil vera godteke, og ein bindande kontrakt vil dermed vera på plass, når vi sender ein e-post til Overføraren med den følgande informasjonen; (i) det åttesiffera referansenummeret som Mottakaren treng for å ta imot ei Overføring («Referansenummer»); (ii) ei bekrefting på den nøyaktige summen tilgjengeleg for Mottakaren i den valde utbetalingsvalutaen («Hentesum»); (iii) ei bekrefting på Avgiftene som har kome til; (iv) valutakursen som har blitt bruka på Overføringa; og (v) tida det tek å utføra (t.d. når pengane vil vera tilgjengelege for Mottakaren) («Godtaking»).
3.4. Vi kan, etter eiga bestemming og eige skjønn, nekta å godta ei Overføring når: (a) vi kan hende vil bryta loven, forskrifter, normer eller andre plikter som gjeld oss ved å utføra ho; (b) vi kan bli utsett for tiltak frå ei regjering eller eit styringsorgan ved å utføra ho; (c) ho kan koplast til uærleg eller ulovleg aktivitet eller bli bruka til ulovlege føremål; eller (d) vi har vald å gjera det i høve med dei interne bestemmingane våre. I slike tilfelle vil vi gjera vårt beste, innanfor det som er tillétt av lov og internasjonale bestemmingar, for å leggje fram grunnen til at Overføringa blei nekta.
4. Vilkår for å Plukke opp kontantar
4.1. Når Godtaking av ei Overføring er på plass, kan Mottakaren hente Hentesummen hos ein MoneyGram-filial i opningstida hans, med atterhald om lokale restriksjonar og at forskriftskrav blir følgt. Ut i frå leveringsalternativet valt av Overføraren, vil Mottakaren kunne hente Hentesummen i løpet av minuttar («10-minuttars-service»), neste dag (som vil vera anten frå kl. 07.00 lokal tid eller 24 timar etter Overføringa blei sendt), som kjem an på tilgang («Neste dag-service») eller 48 timar etter Overføringa blei sendt («48-timars-service»). Fleire restriksjonar kan gjelda.
4.2. Overføraren er ansvarleg for å gje Mottakaren beskjed når Hentesummen kan plukkast opp.
4.3. For å hente ut Hentesummen, vil den tiltenkte Mottakaren bli spurt om å identifisera seg ved å visa fram eit identifikasjonsdokument og eigen informasjon, namnet til Overføraren, fødeland, Hentesum og Referansenummeret («Henteinformasjon»). Betaling med kontantar skal gjerast til personen representantane og partnarane våre meiner er skikka til å ta imot Hentesum etter at identifikasjonsdokumentet er kika nærare på. Identifikasjonskrava for Mottakarar varierer frå land til land.
4.4. Overføraren er ansvarleg for å sjå til at informasjonen rundt Overføringa og Referansenummeret ikkje blir gitt til ein tredjepart eller blir gjort tilgjengeleg for allmenta, med unntak av den valde Mottakaren. Om Overføraren gjer Henteinformasjonen kjent for nokon andre enn den valde Mottakaren, kan (i) Overføraren gjera det lettare for nokon å late som dei er Mottakaren og hente ut Overføringa som Mottakaren; og (ii) vi er ikkje ansvarlege om vi betalar pengane til nokon (andre enn Mottakaren) som gjev representantane og partnarane våre (a) Henteinformasjonen og (b) legitimasjon som representantane og partnarane våre med god tro rekner for gyldig.
4.5. Om Overføringa ikkje har blitt henta av Mottakaren innan 90 dagar, vil vi rekne Overføringa som ikkje lenger gjennomføringsdyktig («Utgått overføring»). Vi er ikkje ansvarlege for å utføra ei Utgått overføring etter 90-dagers perioden.
4.6. Om ei Utgått overføring oppstår, vil vi prøve å kontakte Overføraren for å få på plass ei tilbakebetaling av summen til den Utgåtte overføringa. Om Overføraren blir klar over at ei Overføring ikkje har blitt henta, burde Overføraren kontakta oss for å få ho tilbakebetalt.
5. Føresetnadar for Kontoinnskot
5.1. Når Godtaking av ei Overføring er på plass, vil vi gjera Hentesummen tilgjengeleg for den spesifiserte kontoen og det vil bli gjeve beskjed om utføringstida til Overføraren. Overføringar til digitale lommebøker, førehandsbetalte kort og liknande kontoar, er vanlegvis klare innan nokon timar.
5.2. For (i) Overføringar til ein bank utanfor Det europeiske økonomiske fellesskapet («EØF»); eller (ii) Overføringar til ein bankkonto med meir enn ein valutaomgjering frå EUR og valutaen til eit EØF-land, som ikkje er del av eurosona; eller (iii) Overføringar som går på tvers av landegrenser til ein bankkonto som ikkje brukar EUR, vil Mottakaren få tilgang på pengane seinast innan fire vyrkedagar.
6. Kansellering og tilbakebetaling
6.1. Når Godtaking av ei Overføring er på plass, blir ho ugjenkalleleg. Overføraren her likevel rett på å kansellere ei Overføring om Overføringa ikkje er henta eller tatt imot av Mottakaren eller satt inn på kontoen til Mottakaren enno. Overføraren kan be om at Overføringa blir kansellert via Nettsida, Appen eller kundeservicelinja vår. Når ei Overføring blir kansellert betalar vi berre tilbake Hentesummen.
6.2. Når ei Overføring ikkje er autorisert av Overføraren eller ikkje har blitt utført rettig av oss, tilbakebetalar vi Sendesummen og Avgifta i samsvar med gjeldande lov gitt at (i) Overføraren har gjeve oss beskjed om det utan at det tok urimeleg med tid innan dei blei klar over det, og (ii) situasjonen ikkje har oppstått grunna unormale og upårekna hendingar utanfor kontrollen vår.
6.3. Overføraren må gje oss beskjed så snart som mogleg dersom ei Overføring ikkje var autorisert eller ikkje er utført rettig. Vi kjem ikkje til å prosessere ei tilbakebetaling om Overføraren utan grunn lét vera å fortelje om problemet og, uansett situasjon, informerte oss meir enn 13 månadar etter Godtakinga vår av ei Overføring.
7. Avgifter og valutaveksling
7.1. Overføraren må betale Avgiftene for ei Overføring, som er den einaste Avgifta vi krev ein Overførar for, via vald betalingsmetode. Utferdaren av kortet til Overføraren kan krevje ei avgift i samanheng med utgiftene deira for ei Overføring.
7.2. I visse mottakarland kan lokale skattar og serviceavgifter førekome ved henting. Når det gjeld Kontoinnskot, kan Mottakaren måtte betale banken eller kontoutferdar for å ta imot pengar på kontoen sin.
7.3. Når Overføraren betalar for ei Overføring i ein valuta og vel utbetaling i ein annan valuta, blir Hentesummen gjort om ved hjelp av valutakursane våre. Valutakursen vår er basert på sluttkursen frå den globale finansmarknaden, pluss ein margin. Valutakursar blir påverka av endringar på finansmarknaden, noko vi ikkje kan påverke, og noko som kan endre seg fleire gongar om dagen.
7.4. I nokon land kan valutaveksling berre ta plass når Overføringa blir henta ut, grunna lokale fordringar. Om dét skulle vera tilfelle, er valutakursen i klausul 3.1 berre ei berekning og den faktiske valutakursen vil bli bestemt under henting, noko som kan påverke Hentesummen.
7.5. Om ei Overføring skal Plukkast opp kontant i eit mottakarland utanfor EØS, om Hentesummen står i USD og staden for henting ikkje betalar ut USD, vil Sendesummen bli gjort om til lokal valuta ved å bruka den standard valutakursen vår eller den standard valutakursen til representanten.
8. Ansvaret vårt
8.1. Vi er ikkje plikta til å utføre ei Overføring om (a) vi ikkje klarar å få tak i tilfredsstillande bevis på identiteten til Overføraren, (b) vi har grunn til å tru at informasjonen vi har motteke frå Overføraren, er urett, uautorisert eller forfalska, (c) Overføraren gjev oss ukorrekt eller mangelfull informasjon eller (d) klausul 3.4 inntreff. Vi er ikkje ansvarlege for skadeerstatningar som oppstår grunna mangel på betaling eller utsett betaling av ei Overføring til ein Mottakar eller om ei Overføring ikkje blir gjennomført av Tenesta grunna nokon av desse spørsmåla.
8.2. Vi er ikkje ansvarlege om vi bryt denne avtalen grunna unormale og uventa omstende utanfor kontrollen vår, der vi ikkje kunne unngå å bryte denne avtalen sjølv med iherdig innsats for det motsette (slik som force majeure-hendingar). Vi er ikkje ansvarlege for nokon tilfeldige, indirekte eller påfølgjande skadeerstatningar som Overføraren får lide for.
8.3. Ingenting i denne klausul 8 skal (a) utelukka eller avgrense ansvaret vårt for død eller personleg skade som kjem av slurv eller feil hos oss; eller (b) utelukka ansvar for forsettleg upassande oppførsel, grov aktløyse, eller svindel.
9. Personvern
9.1 For å kunne tilby tjenestene våre samler vi inn, og behandler personopplysningene til våre avsendere og mottakere. Omfanget av denne informasjonen er knyttet til et spesifikt produkt eller en tjeneste. Dette inkluderer din kontaktinformasjon og informasjon knyttet til din identifikasjon. Vi deler denne informasjonen med våre tredjeparter; våre tilknyttede selskaper eller leverandører. Dette gjør vi for å kunne behandle transaksjonene dine, oppdage og forhindre svindel og andre ulovlige aktiviteter som hvitvaskingsoperasjoner og samarbeid med kriminelle eller statlige etterforskninger. Måten vi markedsfører våre produkter og tjenester til deg samsvarer med gjeldende lover. Ved tilfeller av internasjonale overføringer som trenger videre behandling, overføres personopplysningene dine utenfor det landet som pengene ble sendt fra. For flere detaljer om vår personvernpraksis og dine rettigheter, vennligst besøk www.moneygram.com/privacy-notice.
9.2. For at du skal slippe å motta markedsføring fra oss, kan du: (i) klikke på «avslutt abonnementet» linken som du finner nederst i markedsføringsmailen som du har mottatt fra oss; (ii) svare «MGISTOP» i en tekst eller i en SMS; du kan også (iii) kontakte oss på privacyprogramoffice@moneygram.com.
10. Kundeservice og klagar
10.1. Vi jobbar for at Overføraren skal få service av høg kvalitet hjå oss. Overføraren burde ta kontakt med oss så snart som mogleg om Overføraren er misnøgd med Tenesta vår eller trur at ein Overføring ikkje har blitt utført riktig. For spørsmål, klagar eller andre ting, kan Overføraren kontakte oss på følgjande måte:
Telefon: ver vennleg å gå til http://global.moneygram.com/ for å finne tollfrie nummer;
E-post: customerservice@moneygram.com; eller
Post: Resolution Assurance Department, MoneyGram International, Konstruktorska Business Centre; 13 Konstruktorska Street, Warsaw, Poland 02-673.
10.2. Vi handterer klagar raskt og rettferdig. Vi vil gjera vårt beste for å løyse ein klage så fort som mogleg. Overføraren seier seg einig i at vi kan kommunisera med ham på engelsk via e-post. Dersom vi kjenner at vi treng meir tid til å løyse ein klage, vil vi sende Overføraren eit brev med endeleg svar innan 15 vyrkedagar etter at klagen blei motteken. I særskilde tilfelle vil vi sende Overføraren eit førebels svar innan 15 vyrkedagar, med ein fastsett frist for når Overføraren skal få eit endeleg svar, ein frist som ikkje skal overskride 35 vyrkedagar etter datoen for den opphavlege klagen. Dersom Overføraren ikkje får eit endeleg svar eller om Overføraren ikkje er nøgd med det endelege svaret, kan Overføraren skrive til Ombudsfin i North Gate II, Boulevard du Roi Albert II, n°8, bte. 2, 1000 Brussel; e-post: ombudsman@ombudsfin.be; faks: +32 2 545 77 79 eller fyll ut eit skjema på nettsida deira: www.ombudsfin.be. Overføraren burde ta kontakt innan seks månadar frå datoen for det endelege svaret.
10.3. Ombudsfin vil berre handtere klagar som har med Overføringar gjort innanfrå Belgia. Om Overføraren har bustad utanfor Belgia, kan Overføraren også ha rett til å ta klagen vidare til ein lokal ombodsmann i landet der han/ho har bustaden sin og følgje lokale, utanomrettslege prosedyrar for klagar og oppreisning for å registrere ein klage. Meir informasjon finst på nettsida til Det europeiske nettverket for økonomiske forbrukarklagar på https://ec.europa.eu og i brosjyren til Den europeiske kommisjonen når forbrukarar utfører betalingar i Europa.
10.4. Overføraren har også rett på å ta ein klage vidare til EU-kommisjonens internettplattform for løysing av usemjer (ODR-plattform). ODR-plattforma er open for både kundar og bedrifter som søkjer løysingar for usemjer i nettkontraktar som gjeld sal av produkt eller tenester.
11. Gjeldande lov
11.1. Dersom du har bustad i eit land i Den europeiske unionen, skal denne avtalen og forholdet mellom oss bli styrt av og bli tolka i høve med lovane i landet du bur i. I andre tilfelle skal belgisk lov bli følgt.